mandag 14. mars 2016

 Sjablongtrykk

I ein periode no, har me jobba med sjablongtrykk. Der me skulle velge eit eige motiv, skjære ut motivet og lage eit sjablongtrykk ut i frå motivet vårt. Dette var ein trykke teknikk som var veldig spennande. Eg har jobba med to ulike motiv og her er nokon bilder av dei ferdige produkta og nokon frå prosessen.


 Her er det første motivet mitt. Eg valde å ha ei ørn som motiv, og gjorde den til min eigen når eg valde å dele ørna i to deler. Det er fjell og eit hus som skilte mellom bakken og himmelen. I dette sjablongtrykket fekk eg fram naturen, der eg brukte fargane grøn på nedre del og blå i toppen av ørna. Det som var litt vanskeleg å få til var huset, men eg vart førnøyd med resultatet og synest dette vart mitt eige sjablongtrykk.



Det andre motivet eg valde var av ein frosk, der eg valde å sette på ei krone og ein tryllestav. Sjølv synest eg frosker er nokon morsomme og litt søte dyr. Og dei er også litt magiske, derfor satt eg ei krone og ein tryllestav på frosken, dette var også med å lage litt meir liv i sjablongen. Eg brukte ganske sterke farger, som gjorde sjablongen veldig tydlig. Me skulle også lage oss eit gatekunstner navn, og dette skulle me signere på motivet vårt. Eg valde å bruke Greso som gatekunstner navn.  
  


Her var eit lite innblikk i utstillinga som me har laga av alle sjablongtrykka. Desse er blitt hengt opp på veggen på skulen, slik at alle kan sjå dei ulike trykka.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar