tirsdag 10. november 2015

 Landskap del 1. 

Ansel Adams

- Ein av dei mest kjende landskapsfotografane






Ansel Adams er ein amerikansk fotograf. Han vart fødd 20. Februar i 1902 og døde 82 år gamal som ein verdesberømt naturfotograf. Det å gje eit bilete av naturen var viktig for han. Adams spesialiserte seg i å finne abstrakte former i naturen. Kanskje mest kjent for sine svart/kvite bilder av landskap frå den amerikanske vesten. Det var etter ein tur i nasjonalparken Yousemite i Amerika at han starta å ekspeimentere fotografering. Adams sine fotografi ber preg av at han var dyktig. Han nytta lyset sin betydning og gjorde det spesielt flott.

Han gav alltid naturtru gjengiving av den ytre verda. Hans dyktighet gjorde han kjend, og hann fann også opp ein metode for eksponering og framkalling som vart kalla sonesystemet. Dette bruka han å inndele lyssjateringane i eit motiv i ti sonar frå svart til kvit. Gråtonane kom tydlig fram og vart nøyaktig. Dette systemet gjorde enkelt for han å fange endringane i lys og tone, han kunne på ein måte lage nye bilder med same motiv. Dei virka annaleis og ikkje som gjentaking, ein kjempe spennande metode. Han er ellers kjend for sine skildringar svart/kvit av villmarka i vestlige deler av USA. Han fekk i oppgåve å fotografere nasjonalparken av den amerikanske innennriksdepartementet. Det å få fotografi akseptert som ei kunstform har Adams mykje av æra for.    

Ansel Adams hadde ein lang og god karriere, med elegante, vakre og tekninsk feilfrie fotografi. Ansel Adams vart ansett som ein meister fotograf. Blant hans mest kjende bilder er utsikt over Teton Mountain Range og Snake River.



http://theartofphotography.tv/wp-content/uploads/2015/05/adams_0004-600x480.jpg
   
                     The Tetons and The Snake River



 
     
                       Mount McKinley and Wonder Lake


Det var ikkje så lett å finne omtale frå publikum på desse bileta, men her er litt om mine meiningar. Personlig liker eg veldig godt landskapsbilda til Ansel Adams, og kanskje aller best desse to bileta ovenfor. Tenk dåke sjølv kor flott det er når du ser eit landskapsbilete, heilt perfekt blir det med fantastisk lys, mørke og lyse farger, nyanser, dramatiske skyer og majestetiske fjell. Spennande lys gjer mykje god stemning, det vekker gode følelser, og det var dette Ansel Adams klarte å få fram. Det var lyset som skapte stemninga og ikkje berre motivet. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar