fredag 13. november 2015

Landskap del 3: Landskapet i Strandvik

I den siste delen av oppgåva om landskap skulle me fotografere landskapet der eg bur. 
"Opp mot fjella i nord, kransa inn av knaus og koller ligg ei bygd so lunt og dormar når ein solblank dag det er" - Strandvik songen. 

Heimbygdo mi strandvik har eit flott landskap. Liksom so mykje. Fjell, bakkar, knauser, sjø og holmer. Fjæra langs sjøen gjer ein ekte følelse av fjord! Holmane nær bygda set eit fint preg på sjøen. Mektig og flott, enkelt og nært. Fjella i bakkant av bygda skjermer liksom sentrum. Landskapet åpner opp bygda som ligg der med grøne bakker, hus og natur. Landskapet speiler av livet i bygda. Bøndene har hatt gleda av eit variert landskap. Noko bratte bakkar, og andre flate marker. Små knauser og topper gjer turterrenget flott.  
- Landskapet frå huset heime


- Nede ved sjøkanten


- I fjæresteinane med fjell i bakgrunnen


  
 - Utsikt frå bogafjellet, vilt og vakkert 


- Utsikta frå kletten, fint landskap med sjø, bakker, holmer og fjell

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar